I Hardanger lagar naturen smaken
Frukthagen Hardanger er historia om smak, stoltheit og sunt bondevett. Her dyrkar vi frukta som gjev norsk juice den unike smaken av Noreg.
Bak smaken
No kan du bli betre kjend med historia bak juicen – frå bønder, frukthagar og fjordlandskap i verdsklasse. Her startar forteljinga om kvifor norsk juice smakar som han gjer.
Fjell. Fjord. Bratte solhellingar. Morenejord forma av isbrear. Kjølege netter og lange sommardagar skapar frukt med friskleik og karakter.
I Hardanger har folk dyrka frukt i hundrevis av år – og smaken talar for seg sjølv.

Jakta på det perfekte eplet
Vi som dyrkar frukt her i Hardanger jobbar både med og mot naturen. Vêret avgjer alt. YR er mitt mest besøkte nettsted!
Kari Lutro, Fruktbonde
Alle epla skal med
Det kokar ned til eit spørsmål om smak
Konsentrat er ikkje eit kompromiss – det er kunsten å koke inn smaken. Når vatnet fordampar, blir aromaen att. Resultatet er ei smaksbombe frå solsida av fjord og fjell.
Difor samarbeider vi med dei fremste kokkane i landet – dei som kjenner verdien av ekte smak.

Reduksjon gjer at smakane blir meir intense. Mer av alt du vil ha, og mindre vatn. Enkelt og greitt.
Håvard Werkland, Meisterkokk
Jusen bak juicen
Når du opnar ein kartong juice frå Frukthagen Hardanger, kan du vere trygg på at det er ekte vare. Det er fordi han er laga på frukt av høg kvalitet, frukt som er dyrka med kunnskap og foredla med erfaring og respekt.
Men det er ikkje berre geografien, klimaet og vêret som lagar smaken. Det gjer òg lovverket.
Det finst nemleg ei eiga norsk juiceforskrift - ein lovtekst som er ganske tørr i smaken, men ho garanterer samtidig for juicy innhald.

Dyrka i Noreg. Smakar som Noreg. Frå Hardanger til fruktdisken – og til deg.
Foto av Håvard Werkland: Lasse Berre / Berre.no



