Synnøve Finden

Dyrka i Noreg, smakar som Noreg

Smaken av norsk juice startar lenge før frukta hamnar i pressa. Han startar i morenejord forma av istida og hos bønder som kjenner kvar helling, kvar fruktsort og kvart vêrskifte. I Hardanger blir det ikkje berre dyrka frukt. Her blir også smaken av Noreg dyrka fram.

Hardanger blei forma av ein isbre med god fantasi og dårleg tid. Istida etterlet seg fruktbar morenejord som er perfekt for fruktdyrking. Og så kom det engelske munkar med epletre på 1200-talet. Dei slo seg ned i fjordarmar som Folgefonna hadde gløymt å fylle med is. Resten er kulturhistorie.

Eit naturleg drivhus

Det er ikkje berre jorda som spelar på lag. Sørfjorden i Hardanger fungerer som eit naturleg klimaanlegg: om sommaren lagrar han varme, og om vinteren dempar han kulda.

Kombinasjonen av bratte solhellingar, kjølege netter og varme dagar gjer at epla utviklar både syre og søte.

– Det perfekte eplet krev litt av alt. Det skal ikkje vere for kaldt eller for varmt, eller for tørt eller for vått, forklarer Kari Lutro, fruktbonde på austsida av fjorden.

– Du kan seie det sånn: YR er den nettstaden eg besøkjer oftast.

Kunnskap i generasjonar

Hardangerbøndene veit kva dei driv med. Vêrtunge månader krev svart belte i traktorkøyring i dei bratte skråningane ned mot fjorden. Men det er verdt det – for høgt oppe i lia heng nokre av dei saftigaste epla norske fruktbønder klarer å dyrke fram. Dei har fått nyte morgonsola før resten av bygda har rokke å koke kaffi.

Moderne fruktdyrking handlar om å optimalisere dei naturlege føresetnadene og matche dei med marknaden sin stadig meir kresne smak. Fruktbonde Kari Lutro får bruk for kompetansen om porteføljestyring frå masteren ved Handelshøgskulen i Bergen når ho planlegg nye fruktfelt eller skal auke avkastninga på sine 14.000 frukttre.

Men då må ein òg ha erfaring og kunnskap som har sila ned gjennom generasjonar – og bruke sansane og intuisjonen for det dei er verdt.

– Eg «veit» korleis eit tre ser ut seks veker før blomstring. Du ser det på korleis knoppane utviklar seg, forklarer Kari.

– Naturen her i Hardanger er ikkje berre vakker. Ho er med på å forme smaken av frukta som blir dyrka her, seier Ivar Bleie, dagleg leiar i Frukthagen Hardanger.

Frukt for meir enn disken

Når hausten kjem, skal frukta leverast. Men ikkje alt hamnar i fruktdisken. Nokre eple blir skeive. Andre får merke etter regn eller insekt. Då går dei i pressa til Ivar Bleie i Frukthagen Hardanger.

– Sjølv om eit eple ser litt rart ut, kan det halde ypparleg kvalitet likevel, seier Kari.

– Når vi pressar juice, kan vi bruke heile avlinga – òg den frukta som ikkje er pen nok for fruktdisken, seier Ivar Bleie.

– Det reduserer matsvinn og gir betre ressursbruk.

Ei smaksbombe i konsentrert form

Noko av juicen frå Frukthagen Hardanger blir laga som konsentrat – ein tradisjonsrik metode som kan samanliknast med det kokkar kallar å redusere. Frå åtte kilo eple blir det igjen éin kilo eplejuicekonsentrat etter at fruktkjøtet er fjerna og vatnet er dampa bort.

– Reduksjon gjer at smakane blir forsterka, dei blir meir intense og du får fram meir av den naturlege syra og søta. Meir av alt du vil ha, og mindre vatn – enkelt og greitt, seier meisterkokk og Bocuse d’Or-deltakar Håvard Werkland ved Britannia Hotel i Trondheim.

Han har brukt konsentrat frå Frukthagen Hardanger i store delar av karrieren, blant anna til sursøt glaze på and, til kveite og norsk raudt fe, og til reinsdyr, som var ein av finalerettane då han deltok i EM på heimebane i Trondheim i 2024.

– Dette er utruleg bra produkt å bruke i saus, slår han fast.

Eit smakslandskap i verdsklasse

Å dampe inn juice handlar om meir enn haldbarheit. Det handlar om å forlenge smaken av norsk natur, og gjere han tilgjengeleg heile året.

– Sjølv om juice frå konsentrat har vore gjennom ein produksjonsprosess, er det ikkje ultraprosessert. Konsentrat frå juice er i praksis eit reint produkt frå råvarer av høg kvalitet, og som får lang naturleg haldbarheit, forklarer Ivar Bleie i Frukthagen Hardanger.

Når du drikk juice frå Frukthagen Hardanger, får du smaken av den norske fruktbonden sitt tolmodige arbeid gjennom heile året – for å sikre oss frukt og juice som ikkje smakar som noko anna. Dyrka i Noreg. Smakar som Noreg.