

Jakta på det perfekte eplet
Vi blei med Kari (35) ut blant hennar 14.000 frukttre i Hardanger for å finne svaret på kvifor juice frå norsk frukt og bær smakar så godt og unikt.
– Jo lengre eit eple får utvikle seg, jo søtare blir det, forklarer Kari Lutro.
Kari er 12. generasjon fruktbonde på austsida av Hardangerfjorden, nokre eplekast nord for tettstaden Lofthus.
Ho er ein av bøndene som følgjer opp ein over hundre år gammal tradisjon med å levere frukt for juiceproduksjon til Frukthagen Hardanger. Det tradisjonsrike presseriet har eksistert sidan 1900 og ligg på den andre sida av fjorden for garden til Kari.
Blomstringsferd til Hardanger
I Hardanger er fruktdyrking ikkje berre eit levebrød for mange. Det er òg kulturhistorie og turistmagnet. På Kari si side av fjorden, austsida, har Hotel Ullensvang i tiår vore ein kjend møteplass for skodelystne frå heile verda. Når frukttrea blomstrar, er det eit spektakulært syn mot ei kulisse av snøkledde fjelltoppar som speglar seg i fjorden.
Det er nettopp fjella og fjordane, bratte solhellingar, morenejord forma av isbrear, kjølege netter og lange, solrike somrar som har lagt grunnlaget for hundreår med tradisjonar og kultur for fruktdyrking. I Hardanger handlar det ikkje berre om å dyrke, men om å forstå landskapet, årstidene og naturen sine luner.
Natur, klima og vêr – og dyktige bønder – bidreg til juice som smakar meir; friskare, syrlegare og rikare.
– Vi som dyrkar frukt her i Hardanger jobbar både med og mot naturen. Vêret har mykje å seie. Som regel avgjer det om vi får gode eller dårlege år. Det skal ikkje vere for kaldt eller for varmt, eller for tørt eller for vått. Det perfekte eplet krev litt av alt, forklarer Kari.
– Du kan seie det slik: YR er det mest besøkte nettstaden min!
Odelsjente på kontor
Det var ikkje gitt at Kari Lutro skulle bli fruktbonde, sjølv om ho som eldstedotter hadde odel til familiebruket. Ho tok først ein bachelor i samfunnsøkonomi ved Universitetet i Bergen, før det blei mastergrad ved Handelshøgskulen i same by. Karrieren enda i første omgang med kontorjobb i Odda.
– Eg sat på kontoret i Odda og såg utover fjorden, og ein dag kom konklusjonen: Eg kan ikkje bli sitjande her. Då hadde far min allereie byrja å presse på for at eg skulle ta eit endeleg val om framtida til garden, forklarer ho.
Då valet først var teke, var det berre å dra på seg kjeledressen.
– Eg hadde eit heilt år med ei slags læretid hos far min. Sjølv om eg vaks opp med fruktdyrking, var det veldig mykje eg ikkje hadde gjort før, og mange tekniske og praktiske detaljar eg måtte lære. Alt frå traktorteknikk til effektiv sprøyting.
Ein sesong startar når hausten sluttar
Epledyrking i Hardanger er meir eller mindre heilårsarbeid, med unntak av ein liten pust i bakken midtvinters. Dei siste epla frå hausten blir som regel plukka ein gong i siste halvdel av september. Kvisting kan starte i november og halde fram gjennom vinter og tidleg vår.
– Mars er det ideelle tidspunktet for kvistinga. Då er dagane lysare, og ein får god effekt på knoppsettinga. Kjem du for seint i gang her, kan du hamne bakpå resten av sesongen, forklarer ho.
Samtidig må gjødslinga planleggast. Frukttrea brukar mest energi i vekstspurten før blomstring, og då må næringa allereie vere løyst opp i jorda. Det mest gunstige er å gjødsle seks veker før blomstring. Å treffe på tida er ein kunst.
– Eg «veit» korleis eit tre ser ut seks veker før blomstring. Ein ser det på korleis knoppane utviklar seg. Summerred-epla er det slaget som kjem først, så den blir eit slags vêrmerke for meg.
Tynning av epletrea skjer som regel i midten av juni, der berre dei mest lovande fruktemna får bli igjen. Slik blir dei føretrekte eigenskapane i frukta konsentrerte. Då er Kari i praksis kurator for ein heil sesong med saft og søte.
Gjennom ein perfekt hardangersommar med lange dagar og svale netter – ikkje for varmt og ikkje for kaldt og med passe mykje regn – kan dei 14.000 frukttrea til Kari Lutro i beste fall gje om lag 90 tonn avling. Det blir fort ein million frukter av slikt.
Kunnskap og innovasjon
Den heilt særeigne norske smaken på frukt og juice frå Hardanger og Noreg er eit resultat av kunnskapsdeling, innovasjon, forsking og utvikling. Det er ein uendeleg kamp for å optimalisere fruktdyrkinga. Det handlar om å plante riktige sortar på riktig stad til riktig tid, og så ta gode og smarte val gjennom heile vekstsesongen. Ingen snarvegar, berre mykje hardt arbeid. Og litt flaks.
Kampen med og mot naturen handlar òg om å finne tre og fruktsortar som kan tekkjast så vel norske forbrukarar som Hardanger sin unike geografi og sitt klima.
– Når eg planlegg å plante nye frukttre, må eg tenkje tre år fram i tid. Når eg merkar at eit felt byrjar å bli gammalt, er det mykje som må vurderast. Kva kan passe å plante akkurat på dette feltet, korleis er marknaden og etterspurnaden, finst det nye sortar som bør prøvast?
Kari Lutro viser oss nokre «babytre» som er på veg ned i morenejorda i skråninga på Lofthus. Snart skal desse også gi frukt som smakar meir, friskare, syrlegare og rikare. Dei som ikkje hamnar i fruktdisken, går i pressa hos Frukthagen Hardanger.
– Å dyrke frukt er eit levebrød for meg, men eg tenkjer òg mykje på at eg er med på å halde dette vakre kulturlandskapet i hevd. Dette er ein tradisjon det er verdt å ta vare på, meiner Kari Lutro.
All frukta skal med
Utgangspunktet til alle fruktbønder er å dyrke fram perfekt frukt. Men nokre eple blir skeive. Andre får merke etter regn eller insekt. Smaken blir like god. Når denne frukta blir pressa til juice, er det ein måte å ta vare på både smaken og ressursane. Og unngå matsvinn.
– Reint økonomisk er målet at alle eple, eller annan frukt vi dyrkar, skal ha høg nok kvalitet til å kunne seljast i fruktdisken. Men det er samtidig eit uoppnåeleg mål, forklarer Kari.
– Sjølv om eit eple ser litt rart ut, kan det halde ypparleg kvalitet elles. Då går det i fruktpressa i staden. Viss vi hadde dyrka frukt berre for juiceproduksjon, kunne vi som er fruktbønder gjort mykje enklare val enn vi gjer no. Fordi vi alltid jaktar på det perfekte, blir også juicen som blir laga i Noreg betre, avsluttar Kari Lutro.