Synnøve Finden

Derfor smakar norsk juice som den gjer - ifølgje lova

Du trudde kanskje at smaken av norsk juice berre kom frå frukta? Neidå. Han kjem òg frå jus. Og då meiner vi ikkje den du drikk – men den du finn i norske lover.

Det finst nemleg ei eiga norsk juiceforskrift, «Forskrift om fruktjuice og liknande produkt». Juiceforskrifta er ein lovtekst som er ganske tørr i smaken, men ho garanterer samtidig for juicy innhald.

Juiceforskrifta bestemmer for eksempel korleis eplesaft skal pressast, og kva som eigentleg får lov til å kallast juice.

Her er nokre saftige høgdepunkt frå juicejussen:

1. Ekte juice har ikkje sukker

Skal du kalle det juice, må smaken kome frå frukta sjølv. Sukker, honning eller kunstig søte er ikkje lov. Ikkje eingong ein liten dæsj. Det stiller med andre ord krav til råvarene vi brukar i juice frå Frukthagen Hardanger. Og det løftar smaken. Dyrka i Noreg. Smakar som Noreg.

2. Men nektar og fruktdrikk får litt meir slingringsmonn

Ein kan tilsetje sukker og søtstoff, men då er det ikkje lenger juice. Då må det heite nektar eller fruktdrikk, og det må stå på flaskene nøyaktig kor mykje som er tilsett. I Frukthagen Hardanger held vi oss til dei reine juice-variantane, men vi lagar òg sprudlande mineralvatn der vi brukar den same reine juicen. Det blir søtt nok – heilt naturleg.

3. Du kan tilsetje lukt – men berre din eigen

Når juice blir pressa og dampa, forsvinn noko av aromaen. Men vi klarer å ta vare på han. Og når vi først har fanga aromaen, kan vi faktisk hente han tilbake og tilsetje han igjen i ein konsentratjuice. Men det må vere same frukt. Og same batch. Ingen luftige snarvegar via utlandet. Denne typen aroma blir òg kjøpt inn frå ulike produsentar for å smaksetje boblande mineralvatn.

4. All frukt skal med – og nemnast

I Frukthagen Hardanger lagar vi rein eplejuice, men vi har òg nokre kombinasjonar med eple og annan frukt og bær – som pære, plomme og solbær. Når vi brukar fleire frukttypar i juice, må vi føra dei opp i fallande rekkjefølgje etter mengd. Er det meir eple enn pære i juicen, står eple først i innhaldslista.

5. Ikkje kall det juice viss det ikkje er det

Viss det står «juice» på kartongen, så må innhaldet òg vere juice. Det høyrest openbert ut, men det står faktisk i lova. Når det står juice på kartongen frå Frukthagen Hardanger, kan du vere trygg på at det faktisk er juice. Vi følgjer sjølvsagt juiceforskrifta!

Kva betyr dette for deg som drikk juice?

Juiceforskrifta er bra for deg som forbrukar, for det betyr at du kan stole på smaken og råvarene.

Når du opnar ein kartong juice frå Frukthagen Hardanger, kan du vere trygg på at det er ekte vare. Han er laga på frukt av høg kvalitet, gjerne frå Hardanger, men òg frå andre norske fruktbygder. Dette er frukt som er dyrka med kunnskap og foredla med erfaring og respekt. Og i praksis regulert av unik norsk natur, dyktige bønder og norsk lov.

Det er med andre ord ikkje berre geografien, klimaet og vêret som lagar smaken. Det gjer òg lovverket. Og det synest vi er heilt greitt.

For når du gjer alt etter boka – og frukt og bær gjer jobben sin – blir smaken unik.

Dyrka i Noreg. Smakar som Noreg.